«Og itte får je sova, og itte vil je hell» Onsdag 27.juni byrjar Landskappleiken i Trysil, og mange av dei beste folkemusikarane og folkedansarane er påmeldt for å delta på årets store folkemusikalske høgdepunkt. I løpet av dei fem kappleiksdagar vert det 1500 deltakingar fordelt på 460 startnummer, og til saman 70 timar med tevlingar i løpet av fem dagar.

Landskappleiken er den største konkurransen innanfor norsk folkemusikk og folkedans, og den eldste festivalen i Noreg. – Folkemusikken- og dansen i Norge er heilt spesiell og mangfaldig. Kvart distrikt har sine unike musikalske dialekter, tradisjonar og historie, og på Landskappleiken får ein presentert heile denne breidda, seier Ingrid Schei Stuhaug, rådgjevar i FolkOrg. Landskappleiken er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, og vert arrangert på ein ny stad kvart år.

Førre gong Landskappleiken vart arrangert i Trysil var i 1989. Trysil-Knut Dans- og Spelmannslag er lokal arrangør, og har jobba lenge for å gjere alt klart til dei mellom 3000 – 5000 tilreisande som er venta å ta turen til Trysil. – Dette er den store hendinga for folkemusikk og folkedans i Noreg. Deltakarar og interesserte frå heile landet er samla, og du får oppleve utøvarar på alle nivå og i alle aldrar. Kongepokal i dans fele I år har H.M. Kongen satt opp Kongepokal i eliteklassen for dans fele.

Tradisjonsområder som har tradisjon for dans til fele er Gudbrandsdalen, Hedmark, Røros, Vestlandet og Trøndelag. 15 par har i år meldt seg på for å konkurrere om denne gjeve pokalen, som har vore delt ut i ulike klassar på Landskappleiken sidan 1980. Vinnarane av pokalen vert avgjort etter ein eigen finale laurdag kveld, og denne kvelden vert det også finale i eliteklassane spel fele kl. A og spel hardingfele kl. A.

Arrangementet opnar onsdag ettermiddag med tevlingar i kulturhuset Hagelund, og onsdag kveld vert bestillingsverket ”Å vera i livet” synt fram. Det er ei folkemusikalsk framsyning med lyrikk av Halldis Moren Vesaas, der mellom andre Aasmund Nordstoga, Martin Myhr og gruppa ”Fra de mollstemte skoger” står på scena. I tillegg til dei mange tevlingane ut over kappleiken vert det også fleire plateslepp, dans kvar kveld, sjokoladekappleik for dei minste og konsertar fram til søndag 1.juli. Då vert kappleiken avslutta med ein meisterkonsert der vinnarane frå mange av klassane deltek.

I Trysil er det også knytt ekstra spenning til kven som vinn enkelte av klassane, då ein del av klassevinnarane vert invitert til å opptre på ein eigen Meisterkonsert i Operaen i Oslo søndag 11. november. Meisterkonserten i Operaen er avslutninga på hausten store folkemusikkhelg i Oslo, 8. – 11. November, som inkluderar både Folkelarm og Oslokappleiken. Om Landskappleiken Landskappleiken er det største arrangementet på folkemusikkfeltet og den eldste festivalen i Noreg (arrangert første gang i Bergen i 1896).

Årleg samlast omlag 1400 aktive spelemenn, folkesongarar og –dansarar på Landskappleiken, for å tevle i folkemusikk og folkedans. Landskappleiken skal bidra til å ta vare på og styrke dei eldste vokal-, spel-, og danseformene det er tradisjon for i kvart distrikt. Under Landskappleiken syng/spelar ein – eller dansar til – bygdedansmusikk eller dei eldste slåtteformene frå eit tradisjonsområde i Noreg. Det vert framført folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil. Arrangementet går over fem dagar i slutten av juni, og 3000 tilreisande kjem kvart år til kappleiken.

Landskappleiken er ambulerande og flyttar kvart år til ein nytt arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans som eig arrangementet, men har kvart år ein lokal arrangør som ofte er eit av dei lokale spelemannslaga i organisasjonen. • I år er det totalt 1500 deltakingar på 460 startnummer.

• Både enkeltutøvarar, grupper og spel- og danselag deltek.

• Stort spenn i utøvarar – unge og eldre på alle nivå

• Det vert tevla både i folkemusikk og folkedans.

• Innan musikk vert det tevla i følgjande klasser: vokal, hardingfele, fele, eldre folkemusikkinstrument, langeleik, fløyte, munnharpe, durspel, lagspel, gruppespel og open klasse.

• Innan dans vert det tevla i lagdans, halling, dans hardingfele og dans fele. • Det vert tevla i ulike klasser – A, B, C, D – inndelt etter alder og nivå.

• Kvart år vert Kongepokalen delt ut på landskappleiken, og i år vert pokalen delt ut i klassa for dans fele.